Idag har det vore 17- Mai- feiring, og dagen starta med å gå i tog frao Staai til Ylvisåker. Celina satt i vogn heile vegen. Det var jo ikkje det store veret ute, dessverre. Regna sjølsagt veldig når me gjekk i toget, men det roa seg heldigvis utpå dagen! So var det stopp på paviljongen med talar, so samlast me til leik, mat, kaker og is i Skyte-hallen. Når programmet der var ferdigt, så for me ut på grinde til Oldemor og Oldefar. (Mine besteforeldre) Og åt middag. Har kost oss i heile dag, og Celina spore fleire ganga på slutten av dagen om å få legga seg. Me droppa sovingen på dagtid idag, og da ha faktisk gaott veldig fint. Kanskje me ska slutta med soving på dagtid snart :) No søve Celina, og eg kjenne at eg ikkje ska bli so veldig sein i seng sjøl. Jobb imåro igjen! :) Her er noken bilde frao idag :)
Her er Celina i vogni si. Sitte tørt og godt og faor fortsatt med seg alt so skjer rundt seg :)
Stas å tridla vogni si sjøl :)
Åsso vart da sykling og leik på banao :) Måtte bretta opp bunaden, vakje heilt einkelt å sykla me dan :)
Og her ete ho is nr 3, men da e jo faktisk lov da pao 17 Mai :)
Håpa alle ha hatt ei fin 17-Mai-feiring :)
So søte ho va i skinnjakka å bunad! :)
SvarSlettHehe... Da va dan ainaste jakken so matcha mest te bunad.. :)
SvarSlett